onsdag 17. november 2010

Trekkfuglar


Denne hausten har eg lagt veldig godt merke til eit fantatsisk naturfenomen. Eg er heilt fascinert.
Tenk, milliardar av fuglar flyr fra den nordlige halvkule og sørover om hausten. Over Stavanger flyr dei i store flokkar. For dei fuglane som lever av insekt aleine hastar det å koma seg avgårde før frosten kjem. Trosten derimot blir så lenge den "gidder" og det blir sagt at dei åra det er mykje bær blir den til over jul. Nokon gjer eit tappert forsøk på å overvintre.
I dag leste eg noko sjukt i ei fuglebok på universitetet i Stavanger. Låvesvala t.d flyr omlag 10 000 km og turen tar 3 mnd. Eg er mektig imponert over skaperverket!

Ingen kommentarer: