torsdag 9. desember 2010

Betlehem


For snart 1 år sida var me så heldig å få besøka Israel og byen Betlehem. No i desse dagar er det litt ekstra kjekkt å sjå tilbake på bildene me tok. Så no deler eg litt av min kunnskap om Betlehem me dåke;) Litt kjekkt å veta detaljer først;  Betlehem er i dag ein palestinsk by på Vestbredden. I 1995 blei Betlehem overlatt til dei palestinske sjølvstyremyndighetane som følge av Osloavtalen. Byen ligger omlag 10 km sør for Jerusalem. Byen er viktig i fleire religionar, men spesielt i kristendommen då den er Jesu fødeby.
For å koma oss inn i Betlehem måtte me gjennom høge murar og sperrer, bussen vår(som hadde Israelske skilt) satt oss av på Israelsk side og ny buss(med palestinske skilt) venta på andre sida. Pass var godt å ha med;) 
Kor Jesus er født er gjenstand for mange diskusjonar og uenighetar, men me besøkte Fødselskyrkja. Fødselskjørkjo er egentlig to kjørke (tidens Stord ord;) og var ein rar opplevelse å besøka. Den er bygd øve "grotta" som dei meiner Jesus blei født i og eine delen er drevet av Den gresk-ortodokse Patriarken av Jerusalem og heile Palestina (og er kjelde til mange konflikter og slosskampar mellom prestane inni i kjørkjo!!!!). Ved sida av ligger Katharinakjørkjo som er romersk-katolsk.
Inne i Fødselskyrkja
I følge kjørkjo bokstavlig talt Jesu fødestad.
Den langt meir moderne Katharinakjørkjo
I fra denne kjørkjo blir det overført midnattsmessa på julafta.

Så tok me turen til hyrdemarkene. Der var det landlig, stilt og rolig. Me var inne i ei nydelig kjørkja med fantastiske bilder på veggene og i taket. 




Odd Peter på vei til hyrdemarkene. 

Me var og innom fleire andre plassar i Betlehem, men no er det nok for i dag;) Det var veldig spesielt å vera i Betlehem å sjå korleis Palestinarane og dei kristne lider. Men me er veldig takknemlige for å ha sett og lært så mykje frå begge sider som me gjorde på denne turen. 
Det er ekstra spesielt å lese juleevangeliet når me kan sjå for oss plassane. 
Litt bilder fra Betlehem: 
Store fruktmarked med nyyydelig frukt;) 
Tidenes julekrybbe butikk.

Vakter på grensa

Ingen kommentarer: