fredag 14. januar 2011

Dagens oppfordring og hjartesukk

Å være sterk er ikke



å løpe raskt
å hoppe lengst eller
å løfte tyngst

Å være stor er ikke
alltid å vinne
alltid å ha rett eller
alltid å være best

Å være sterk er å
se lyset når det er mørkt
slåss for noe man tror på
selv om man ikke har flere
krefter igjen
og se sannheten i øynene selv om den er hard


Eit litt annleis blogginlegg frå meg i dag. Lite soving om natta gjer at ein får lange tankerekker om ting som ein sette pris på, ikkje setter pris på, lengtar etter, er takknemlig for. Her er ei tankerekke,
på klingande stordamål, frå meg; 

I fjor skulle eg snakke om positiv psykolog,  arbeidsmiljøet sin innvirknking på opplevelsen av eigen helse og arbeidsmiljøets betydning. Dette var eit stort, spennande og givande tema. Eit tema eg har tenkt mykje på i ettertid. Eit tema som er like aktuelt i ekteskapet, familien, vennegjeng, familie og arbeidsplass. Det er veldig lett å henge seg opp i andre sine feiler og mangler. 

På min tidligare arbeidsplass fann me ut ei helg at me skulle testa ut dette i praksis. Me skulle "tenke høgt om kvarandre", ein  skulle gi kompliment. I stedet for å irritera seg over at kollegaen aldri lukka igjen skuffa etter seg skulle ein finne dei bra tinga og kommentere dei. Det som overaska oss var kor fort ein snudde tankegangen sin. Og kor unaturlig det var å sei positive ting om kvarandre sine egenskapar. Det vart mykje lått og løye. 
Fra å vera veldig irritert på ein kollega til å legga merke til at når akkurat du er på jobb er alltid kjøkkene heilt strøkent. Når du er her så er det alltid kaffi på kanna, oppfylte skap og utstyret på rett plass. Det er lov å sei at akkuratt du er veldig flink til ein ting, det betyr ikkje at alle andre, inkludert deg sjølv, er veldig dårlig på det. Ein kjem ikkje dårligare ut sjølv om ein våger å komplimentera andre. På dinna måten øver ein seg på å styrka evnen til å gleda seg over andres hell og lykke. Ein må øva seg på å unna kvarandre framgang og suksess. 


Ofte når ein høyrer om andre som gjer det bra kan ein tenka at der skulle eg gjerne ha vert sjølv. "Eg er også flink til det. koffor ikkje meg??" Stopp litt med den tanken neste gang! 
Det er ein kjempestyrke at me er så ulike som me er. Noken trivest kjempegodt i ein butikkjobb, andre som sjukepleiar, som økonom, lærar, journalist, lege.... Nokon har behov for å vera børsmeglar, andre synest det er meir en nok å gå på jobb. Det er ingen konkuranse. Våg å sjå dei positive tingene i andre. 

Ein lur gut på 9 år fekk gjentatte gangar høyra av læraren sin at han var så flink å hjelpe til heime, han var lur nok til å be foreldrene sine om å snakka fint om han når han var der, ikkje bare når han ikkje var der... Han hadde behov for å høyra det sjølv også.  

Det er fort gjort å snakka om folk når dei ikkje er der, kanskje fordi dei då ikkje truar vår eigen posisjon?? Sei til søstra di, bror din, mora di, svigerdatter di, barna dine, svigermor, svoger, kollegaen din, ektefellen din kva dei er flinke på. 

Dagens lange hjartesukk er kort oppsummert at me må gleda oss over andres hell og lykke. Unn kvarandre framgang! 
Som Sigvart Dagsland seier det; vær lys og konfetti og alt som løfter dine festdager opp av det grå;) 
Vær der for kvarandre sånn at ein kan ta gleden til toppen og sorgen til bunnen.. La blomstene dryssa og målene feirast underveis langs den vei du må gå! 

2 kommentarer:

Sveinung og Helga sa...

du er ei særdeles uvanlig klok ung dame, min skjønne blomst!! takk for dagens oppfordring og for å ha gitt meg nåke å tenka på framøve!:)
Ingeborg er strålande vakker, og har omsorg for det meste som lever. Pluss at ho har ein enorm kapasitet. Men det beste er at ho er nett den ho er.. i låvvv ju!

Herr og fru sa...

Du tok hintet Helgus;) Eller er det Sveinung som gir meg så gode skussmål??:) Du er eksemplarisk på å gi folk kompliment mens dei er der sjølv Helga! Eg heie på deg!;)