TENN LYS
Tenn lys!
Eit lys skal brenne
for denne vesle jord,
den blanke himmelstjerna
der barn og blomar gror.
Må alle dele vona
at gode ting vil skje.
Må jord og himmel møtast,
eit lys er tent for det.
Eit lys skal brenne
for denne vesle jord,
den blanke himmelstjerna
der barn og blomar gror.
Må alle dele vona
at gode ting vil skje.
Må jord og himmel møtast,
eit lys er tent for det.
Tenn lys!
To lys skal skine
for kjærleik og for tru,
for dei som alltid elskar,
for dei som byggjer bru.
Må fangar verte frie
og heimlause få ly.
Tenn lys for dei som sørgjer,
kveik deira mot på ny.
To lys skal skine
for kjærleik og for tru,
for dei som alltid elskar,
for dei som byggjer bru.
Må fangar verte frie
og heimlause få ly.
Tenn lys for dei som sørgjer,
kveik deira mot på ny.
Tenn lys!
Tre lys skal flamme
for alle som må slåst
for rettferd og for fridom
og saknar stø frå oss.
Må ingen misse motet
før fridomsklokka slår.
Tenn lys for fred og rettferd
på heile jorda vår!
Tre lys skal flamme
for alle som må slåst
for rettferd og for fridom
og saknar stø frå oss.
Må ingen misse motet
før fridomsklokka slår.
Tenn lys for fred og rettferd
på heile jorda vår!
Tenn lys!
No stråler alle
dei fire lys for han
som elskar alt som lever,
kvar løve og kvart lam.
Tenn lys for himmelkongen
som kjem med ljos og fred.
No møtest jord og himmel
og englar jublar med.
No stråler alle
dei fire lys for han
som elskar alt som lever,
kvar løve og kvart lam.
Tenn lys for himmelkongen
som kjem med ljos og fred.
No møtest jord og himmel
og englar jublar med.
Håper store og små får ei god førjulstid. Denne tida er for mangen den beste tida på året, medan andre har den som den tyngste tida på året. Det skal eg prøve å tenke litt på i år, det er ekstra vondt for dei som har det vanskeleg når presset på å gleda seg er så stort.
Ynskjer alle ei god adventstid!
1 kommentar:
Hurra for nynorsk, og hurra for advent =)
Og hurra for ei god oppfordring! Det vil eg og tenke litt ekstra på denne adventstida.
Legg inn en kommentar